Skaut
Frikar
HØST 2020
-
28. feb
Bærum Kulturhus -
06. mar
Borealisfestivalen · Alta -
10. mar
Arktisk Kultursenter · Hammerfest -
13. mar
Lofoten Kulturhus · Svolvær / AVLYST GRUNNET KORONA -
31. mar
Parken Kulturhus · Ålesund / AVLYST GRUNNET KORONA -
15. sep
Parkteatret · Moss -
17. okt
Parken Kulturhus · Ålesund
Kva kan ei kvinne vera? Er det noko i dag ho ikkje kan eller bør vera?
Finst det noko kvinneleg og mandig i dansen, og kva skjer med kjønnsrollene i den norske folkedansen når kvinna i 2020 får spela begge roller og ta dei heftigaste “karstykka”?
I SKAUT fokuserer koreograf Hallgrim Hansegård og fem medskapande dansarar på tematikken rundt tildekking, avdekking og kontroll av kropp. Kvinnene både strammar og sler ut håret gjennom bunden samtidsdans og fri folkedans.
I Norge har skautet blitt brukt til å både kontrollere og søkje fridom. Kan norske kleds- og bevegelsestradisjonar gje nytt perspektiv til dagens bruk av hijab?
FRIKAR er eit dansekompani stifta av Hallgrim Hansegård i 2006 som held til i Valdres. Kompaniet kombinerer samtidsdans med gamle norske tradisjonar og er det leiande dansekompaniet i sin sjanger for dette. Sidan oppstarten har kompaniet turnert i 32 land og har motteke mange gode kritikkar i både nasjonale og internasjonale tidsskrift.
Koreograf: Hallgrim Hansegård
Komponist: Erlend Apneseth Trio
Dramaturg: Celestine Hennermann
Kostymedesign: Inger Stinnerbom
Lysdesign: Gard Gitlestad
Medskapande dansarar: Anita Vika Langødegård, Sara Enger Larsen, Sigyn Åsa Sætereng, Nora Svenning, Ornilia Percia Ubisse.
Framsyninga er samprodusert med Beaivvas Samiske Nasjonalteater og Bærum kulturhus. Ho er støtta av Kulturrådet, Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Eckbos Legat, Oppland/Innlandet fylkeskommune, Valdres Natur- og Kulturpark.
For arrangører
Ikke bruker enda? Send e-post til kirre@dansenshus.com. Du vil motta en e-post med en link for å få tilgang og gå videre med å opprette brukertilgang. Ditt brukernavn vil være din e-postadresse.
Da dette skjer manuelt vil du få svar i løpet av normal arbeidstid.